Tuft for Nettverket for tydeleg og enkel nynorsk

Samrøystes vedteken på årsmøtet i nettverket den 26. april 2025

 

I. ­­Nynorsk, dansk og norskdansk

Unionen med Danmark (1536­­–1814) førde til at dansk trengde undan det norrøne skriftmålet (gamalnorsken) i Noreg. Då Noreg i 1814 vart frie frå Danmark og vart ein eigen stat med avgrensa sjølvstyre i union med Sverige, var dansk einerådande som offisielt mål, og mange trudde at det norske målet var utdøytt.

 

«Vi have ofte nok baade hørt og læst, at det norske Folk ikkje har noget Sprog, da nemlig det egentlige norske Sprog nu kun er at finde paa Island, medens det i Norge enten er ombyttet med dansk eller også opløst i et Virvar af Bygdemaal, som ere saa ulige, at Folk fra forskjellige Kanter af Landet ikke kunne forstaae hverandre.1

Men den gåverike bondesonen Ivar Aasen (1813–1896) hadde ei onnor oppfatning:

 

Medens Tid og Omstendigheder, som før er sagt, gjorde at den Kjøbenhavnske Dialekt herskede hos os, opbevaredes og dyrkedes dog vort Nationalsprog i Bondens Hytter i vore Dale og paa vore Strande; lad end være, at dette ikke er Tilfellet med alle Distrikter i lige Grad. At Tiden ogsaa har havt sin Virkning på Almuesproget, er naturligt; men naar man betænker, hvor vide vort Lands Befolkning er adspredt, hvor lang Tid Sproget ikke blev skriftligen dyrket, samt flere, forhen berørte Omstændigheder; - saa maa man ansee det for noget Stort, at denne National-Eiendom endnu i saapas Stand overleveres os […] 2

 

 

Det laga seg slik at han fekk midlar til å granska dialektane, og med utgjevinga av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873 dokumenterte han at det norske målet enno var til, og han sette opp ei landsgyldig, samlande norm som fekk namnet landsmål.  

 

Alt den 12. mai 1885 gjorde Stortinget det vedtaket som har gjenge inn i norsk målsoge som jamstellingsvedtaket:

 

Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.

 

Den 6. juli 1892 vedtok Stortinget å ta inn ei føresegn i skulelova som sidan er vorten kalla målparagrafen:

 

Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogsprog, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal.

Den 28. juli 1893 presiserte Kyrkjedepartementet i Norsk Lovtidende kva som låg i nemninga «Landsmaal»:

 

Landsmaalet er leksikalsk og grammatisk behandlet af Ivar Aasen selv, som særlig i 2den Udgave af sin Grammatik S. 357-388 giver Veiledning til den rette Sprogbehandling af dette Maal. En kort Fremstilling af Grammatiken har man i Hægstads Maallæra, Namsos 1879.

 

Dermed var Noreg vorte eit land med to offisielle språk: Landsmaal og Dansk.

 

Sume kalla landsmålet for eit konstruert mål. Den framståande norske språk-forskaren Johan Storm skreiv i 1896 at landsmålet til Aasen var «et kunstig og vilkaarlig sammensat Dialektsprog.»

 

Dette er eit argument som me stundom kan høyra i dag òg. Det er ei misforståing.

 

Aasen rekonstruerte norsk mål på grunnlag av eit samanliknande studium av dei norske målføra. Han fann mellom anna ut at det gamle vokalsystemet hadde halde seg betre i dei norske målføra enn i islandsk. I ein artikkel som vart skriven til hundreårsminnet for Aasen sin grammatikk, seier den kjende amerikanske, norskætta språkvitskapsmannen Einar Haugen:

 

Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eit. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.3

 

Dei fyrste åra etter 1814 hadde det vorte diskutert om dei kunne kalla dansken for norsk i Noreg. Danskane protesterte mot ein slik nemningsbruk. Nemningar som Modersmaalet og det almindelige Bogsprog vart brukte for at dei skulle sleppa å kalla det dansk; for dét var nok sårt for den unge nasjonen. På slutten av 1890-talet kom nemninga riksmål i bruk, òg i staten. Då var dei so smått byrja å fornorska dansken i Noreg.

 

Professorane Alf Torp og Hjalmar Falk skreiv i Dansk-norskens lydhistorie (1898 s.7):

 

«Vi har, i mangel af en bedre, benyttet denne benævnelse [dansk-norsk], skjønt den egentlig støder an imod sprogets almindelige regler for orddannelse, ifølge hvilke hovedbegrebet staar sidst, og det modificerende (bestemmende) ord først; men da nu, som vi har seet, vort skriftsprog historisk betragtet ikke er nogen modificeret norsk dialekt, men en afgrening af dansken, burde det med rette ha været kaldt «norsk-dansk», d.v.s. dansken slik den arter sig i Norge».

I samband med førehaving av brigde i Lov om lærerskoler m.v. i 1929 drøfte Stortinget4 nemningane på dei to måla. Både norsk-dansk, dansk-norsk og riksmål, nynorsk og landsmål vart vurderte. Det enda med at Stortinget med knappast mogleg fleirtal fastsette at nemningane skulle vera nynorsk og bokmål.5

Me meiner at det Torp og Falk skriv i sitatet ovanfor framleis er gyldigt.

 

II. Sterk framgang for landsmålet, tilnærmingspolitikken kom opp

Utetter i 1890-åra vart landsmålet innført i folkeskulen i krins etter krins på Vestlandet, i fjellbygdene i Sør-Noreg og i Trøndelag.

 

På grunn av den sterke framgangen til landsmålet vart styresmaktene urolege for at landet skulle verta språkkløyvt. Alt i 1901 sa Gunnar Knudsen i Stortinget at «vort lille folk på 2 mill. har virkelig ikke raad at splitte sig i to sproggrupper»6.

 

For å motverka varig språkkløyving sette styresmaktene i verk den sokalla tilnærmingspolitikken. Den gjekk ut på at nynorsk og norskdansk gjennom offentleg styring gradvis skulle nærma seg kvarandre med sikte på samansmelting til eitt nytt språk, samnorsk. Rettskrivingsreformene i 1910, 1917, 1938 og 1959 hadde dette for auga.

 

III. Bokmålet vart restaurert

 

På riksmålssida voks det fram sterk motstand mot samnorsken. Frå 1952 gav Riksmålsforbundet ut si eiga ordliste, og motstanden deira vart i 1981 langt på veg kruna med siger då Stortinget vedtok Stortingsmelding nr. 100 (1980–81) Endringer i rettskrivningen og læreboknormalen for bokmål.

 

Desse endringane restaurerte langt på veg bokmålet.

 

I 2002 vart tilnærmingspolitikken offisielt skrinlagd då Stortinget tok bort den sokalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd.

 

Bokmålsseksjonen i Norsk språkråd smidde medan jarnet var varmt. I ny rett-skriving for bokmål frå 1. juli 2005, stend det no att berre minimale skilnader mellom riksmålsnormalen og det som gjerne vert kalla moderat bokmål.

 

Her skal me minnast kva Gustav Indrebø skreiv i 1933:

«Eg trur det skal syna seg at dei hev verdsett den indre motstandsmakti i bokmaalet for ringt. Endaa det hev vorte sers mykje uthola og av-veikt imot som det var fyrr, so lyt me sjaa den sanningi i augo at det hev ei mektig samanhengskraft enno, - mektigare enn nynorsken. Det hev studnad fraa ein sterk litterær tradisjon fraa riksdansken, fraa eit fastforma dana talemaal som er knytt til sentrumsstader og hev ein veldug autoritet. Eit parlament, um det gjeng fram i si makt og velde, greider ikkje aa slaa det sund paa dette vitale punktet med eit klubbeslag i dag; dei greider det i det heile ikkje so lenge motstandet og motstandshugen hjaa bokmaalsfolket er so sterk som han er enno. Det skal syna seg vera ein livsframand tanke, dersom dei trur paa det.

Dei kann tvinga seg fram i skulen og styringsverket — obstruksjon vert det elles der òg, men dei fær ikkje det skrivande og talande bokmaalsfolket til aa fylgja etter. Det gjeld noko heilt anna enn det smaapuslet dei fór med i 1917.

Det rimelege er, at naar det hev gjenge ei tid, so vert e-maalsformene, det danske, tillate att, -- lat oss segja som sideformer. Og so kastar alt av bokmaal seg yver att i dette danske og «dannede» for det hev autoriteten og den gjæve stempelen.»7

 

IV. Nynorsken vart ikkje restaurert, og styresmaktene destabiliserer  honom tvert om med å tillata større tilnærming til bokmål

 

Rettskrivingsbrigda førde òg til sterk motstand på nynorsksida. I 1938 gjekk Noregs Mållag imot den nye rettskrivinga på to landsmøte på rad.

Men nynorsken fekk ikkje nokor restaurering slik som bokmålet fekk i 1981 og 2005, og opphevinga av tilnærmingsparagrafen i 2002 fekk ein paradoksal verknad for nynorsken:

 

For jamvel om Stortinget i 2009 gav Språkrådet klarsignal til å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, so vart resultatet at Kultur-departementet den 22. september 2011, med verknad frå den 1. august 2012, god-kjende ei norm for offisiell nynorsk med svært mange valfrie former samstundes som ho opna for større tilnærming til norskdansk enn nokon gong før i norsk målsoge.

 

Dette utløyste sterk indre strid i Noregs Mållag, men styret takka rettskrivings-nemnda for arbeidet, og det vart ikkje fleirtal for nokor fråsegn mot norma, korkje på landsmøtet i Sand i 2011 eller i Oslo i 2012.

Noregs Mållag stør no ei norm som opnar for stor einsidig tilnærming til bokmål (norskdansk).

V. Språk, herredøme og hegemoni

«Tenkjemåtar som er med og rettferdiggjer ein bestemt type dominans, representerer eit hegemoni. Å ha eit hegemoni er altså å ha eit strukturelt og definisjonsmessig overtak, ofte nesten umerkeleg slik at dominansen og makta verkar heilt sjølvsagd eller naturleg, og ikkje må grunngjevast. Den som har ei formell fleirtalsmakt, forvaltar element av eit slikt hegemoni gjennom ideologisk makt.

Grupper, miljø, institusjonar som er i ein hegemonisk posisjon, legg premissar for kva som gjeld og kva som er legitimt, og kan gjera det så lenge dei som blir utsette for dette hegemoniet, godtek premissane og underordninga. Ein kamp om hege-moniet vil difor innebera usemje om korleis situasjonar bør forståast, saker sorterast og omgrep definerast. Det vil seia at hegemoni føreset ideologisk makt.»8

Trass i at nynorsken vart offisielt jamstilt som nasjonalt hovudspråk alt i 1885, er dominansen og hegemoniet frå dansketida i stor grad vorte vidareført:

 

 

«For ei stund sidan vekte det ei viss merksemd at nynorskelevar ved ein vidaregåande skule på Vestlandet i ei undersøking oftast kryssa av for bokmålsordet eller bokmålsforma som meir naturleg for dei å bruka enn tilsvarande nynorskord eller nynorskform. Departementet legg til grunn at dette først og fremst er ein refleks av den sterke bokmålsdominansen i samfunnet i det heile, og at også nynorskelever [sic] er mykje meir vane med å høyra og lesa bokmål enn nynorsk.

Av same grunn er det heller ikkje til å undrast over at enkelte skrivande folk med nynorskbakgrunn synest dagens nynorsk kjennest gammaldags og lite funksjonell, og gjerne vil at det skal vera meir fritt fram for ord og uttrykk frå bokmål som dei også bruker i sitt eige talemål.

Alle individuelle språkval må respekterast, og synspunkt av dette slaget kan difor ikkje underkjennast. Samstundes kan det ikkje stikkast under stol at dei også er uttrykk for dei språklege makttilhøva i samfunnet.

 

Det er heller ikkje i andre land uvanleg at det dominerande språket blir oppfatta som naturleg og moderne, medan eit språk som er mindre brukt, ofte kan kjennest gammaldags og mindre funksjonelt, også blant mange av dei eigne primærbrukarane. Difor er det også meir krevjande å bruka eit slikt språk enn det språket eller den språkforma som dominerer. Departementet legg til grunn at slike dominansforhold gjer at det alltid vil vera eit press for å endra nynorsk i retning av bokmål, ikkje berre når det gjeld ordtilfang, men også i rettskriving og formverk. Det eine kan også lett dra det andre etter seg.»10

 

I ordskiftet om ordtilfanget skreiv Magne Rommetveit i 1983 at han registrerte ein tydeleg tendens til at dialektane var i tilbakegang (jf. Mæhlum-sitatet i fotnote 14 nedanfor), og han meinte dei ville koma til å spela ei underordna rolle i framtida. Etter hans meining måtte ein venta at utviklinga ville gå snøgt:

Folk flyttar i dag meir enn før – frå det eine dialektområdet til det andre, frå yrkesmiljø til yrkesmiljø. Talemålet blir påverka av dette. Med andre ord: «naturleg talemål» utviklar seg meir og meir frå eit «morsmål» med rot i eit målføre til å bli eit ustabilt uttrykksmiddel som skifter frå person til person. Og det finst ofte i sprikjande former hos ein og same personen – alt etter talemålssituasjonen og evne til å stå mot språkleg press i påverknadsmiljøet. Her kjem massemedia inn som eit dominerande påverknadselement. Ei rivande utvikling i medieteknikken påskundar denne utviklinga – med god støtte i offentleg administrasjonsmål og i målet i undervisningsmateriell. Med andre ord: vi merkar ei meir eller mindre medviten tilpassing til normert mål.11

Konklusjonen hans var at

det vil bli normalmål som avgjer språkutviklinga i landet, ikkje naturleg talemål. Det er difor eit feilgrep om vi tuftar framtida til nynorsk skriftmål på eit konglomerat av naturlege talemål, som er oppblanda med meir eller mindre dårleg bokmål. Nynorsken er best tent med eit fast og einsarta målsystem, som er ein overbygnad over dialektane, og som er lett å læra. Vi må ta vare på innarbeidd nynorsk ordtilfang – som i dag må reknast som eit stort pluss dersom vi ønskjer ei jamn og harmonisk utvikling med røter i norsk kulturtradisjon. Blir ein slik samnemnar brukt mykje i massemedia, kan vi ha von om å påverka framtidsnorsken. Held vi derimot fram med å praktisera slagordet «Skitt i Norge, leve Toten», er vi snart tilbake til tida før Ivar Aasen, og vi kan då venta at nynorsken om ikkje så lenge vil bli fullstendig undertrykt av bokmålet.12

Trass i hundre og femti års målreising er bokmålsdominansen no so sterk at han trugar nynorsken på livet. I boka Konfrontasjoner skriv professor Brit Mæhlum mellom anna:

[…] den primære, mest vitale påvirkningsinstansen i disse prosessene synes å være

et sørøstnorsk, bokmålsnært talemål; et talemål som i kraft av sin status som en ukodifisert standard fungerer som et landsdekkende, språklig «overrislingsanlegg».13

 

[Standardtalemålet vil fungere] som påvirkningsinstans overfor talemålet i byer som Stavanger, Bergen, Trondheim, Tromsø. Mens de mindre byene og tettstedene i disse storbyenes respektive regioner først og fremst vil bli influert direkte fra sin regionale «hovedstad». Dette er det grunnleggende prinsippet som langt på vei danner fundamentet for forestillingen om språklig regionalisering og regionale varieteter.14

 

De konkrete effektene av denne overrislingen er imidlertid, som vi har vært inne på, langt fra identiske overalt. Dét skyldes dels det enkelte geografiske områdes sosiokulturelle, politiske og historiske betingelser; betingelser som kan være helt avgjørende når det gjelder graden av mottakelighet versus «resistens» i forhold til impulser utenfra. Men ulikhetene skyldes også uten tvil de varierende lingvistiske forutsetningene som preger det aktuelle språkområdet; det vil si det lingvistiske «jordsmonnet» som særkjenner én landsdel fra en annen. Den effekten som et sørøstnorsk standardisert talemål har som potensiell påvirkningskraft i eksempelvis Rogaland, Sogn, Trøndelag eller Helgeland, vil sjelden eller aldri gi som resultat et talemål som er identisk med påvirkningskilden. […] Når derimot overrislingen er tilstrekkelig intens over enkelte østlandske områder, der den tradisjonelle dialekten lingvistisk sett ofte ligger nærmere standardtalemålet enn i de fleste andre regioner, kan resultatet av endringene bli et talemål som er mer eller mindre identisk med standarden, med få eller ingen av de opprinnelige lokale kjennemerkene bevart. Eksempler på slik mer gjennomgripende avdialektifisering er de siste årene dokumentert i blant annet Numedal, Hallingdal, Vang på Hedmarken og på Tynset.15

 

Språkendringar er ikkje naturlover. Brit Mæhlum avsluttar boka me har sitert frå, med å skriva at

 

samtlige av analysene i det foregående [er] forsøk på å avnaturalisere de språklige konfrontasjonene som er omhandlet: Her er det verken snakk om naturlige, logiske eller skjebnebestemte utviklingsforløp. Derimot er det en framheving av at nettopp kunnskap om disse mekanismenes historiske og politiske forutsetninger er et premiss dersom målsetningen er å utfordre de lingvistiske markedskreftene.16

 

Man vil indvende, at en Sprogreformation er Noget, der ei bør foretages paa eegang, men  henstilles til Tiden og til Aarhundredets Virkning. Men dette anseer jeg som mindre gjældende i en Stat, som Lykken paa eengang gjorde fri og selvstændig, og hvis rette Folkesprog, skjønt i saa lang Tid useet paa Papiret, dog endnu er til.

[…] Desuden vilde hiin Aarhundredets Reformation, som ovenfor tilsigtes, blive en evig Opbyggen og Nedriven, da Sproget, manglende en bestemt Basis, stedse vil vakle fra det Ene til det Andet, saa man ikkje veed, hvad man skal holde sig til. Og derhos frygter jeg for, at det rette Nationale vil omsider vige for det Fremmede, at nemlig Folkesproget, bliver det, som reformeres.17

 

 

VI. Nettverket

Dette er bakgrunnen for at Nettverket for tydeleg og enkel nynorsk vart skipa den 5. august 2012.

 

Nettverket medverka til utgjeving av Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm av Arvid Langeland.

 

Denne ordlista byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til juli 2012, men former som frå 1917 og frametter vart tekne inn i nynorsken med det overordna føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna, og ein del eldre former er tekne inn att for å syna betre samanhengen i målet.

 

Ho tek ikkje berre føre seg skrivemåte, ordformer og bøying, men òg grammatikk, ordtilfang og stil. Minigrammatikken legg vekt på skilnader mellom nynorsk og bokmål. I tillegg inneheld boka ei bokmål­­–nynorsk-ordliste.

 

Nettverket har som føremål å arbeida for at flest mogleg tek i bruk norma i Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm av Arvid Langeland, og for at denne norma skal verta grunnlaget for ei restaurert nynorsknorm.

 

 

VII. Definisjonsmakt og tilsløring: det norske fellesspråket?

Ovanfor skriv me noko om striden om kva språket skulle heita og om korleis målstoda etter 1814 og utetter vart oppfatta. Denne striden enno ikkje er slutt.

 

Det er tvilsamt om det er råd å finna eit objektivt svar på spørsmålet «Kva er eit språk?» Til sjuande og sist er det å kunna definera eit språk som eit eige språk knytt til makt. I kapittel 5, om språk og makt, legg stortingsmeldinga Mål og meining fram viktig kunnskap. Men når det gjeld analysen av dette, fører meldinga vidare ideologien frå samnorskperioden. Ho talar om «det norske fellesspråket»18 og hevdar at «nynorsk og bokmål lingvistisk sett [er] to variantar av norsk språk».19 Men meldinga såg det derimot som «rimeleg å skilja ut dei tre skandinaviske språka, svensk, dansk og norsk […]».20

Språklovproposisjonen viser til dette punktet og legg til:

«Framlegget til språklov slår derfor fast at nynorsk og bokmål er norske skriftspråk. Departementet understrekar at det å rekne bokmål og nynorsk som to separate skriftspråk ikkje står i vegen for å omtale norsk som eitt språk.»21

Me har ovanfor vist til at nynorsken er truga. I sume bygder er den tradisjonelle dialekten bytt ut med eit norskdansk-nært talemål. Dette skjer ikkje av seg sjølv. Det å omtala nynorsk og norskdansk som eitt språk vil medverka til å ufårleggjera desse språkbyta. Nett difor nyttar me her for det meste nemninga norskdansk i staden for bokmål.

I 1814 låg det norske målet nede. Ivar Aasen rekonstruerte målet, og folk kjende det var deira. Store delar av landet tok det i bruk – det er dette me kallar målreising - og det medverka til demokratisering.

Sterke krefter prøvde å hindra at landet vart språkkløyvt. Mange land i verda har to eller fleire språk. Lat oss sjå på det som ein rikdom.

Språklova skal fremja jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Nedanfor har me lisa opp tiltak me meiner er viktige for å få til røynleg jamstilling. Lista er sjølvsagt ikkje fullstendig. Me er overtydde om at tiltaka samla vil gje nynorskbrukarane framtidstru – tru på at målet deira skal vidare.

Ovanfor har me alt nemnt at nynorsken må få si restaurering. I tillegg gjer me framlegg om desse punkta:

VIII. Tiltak for røynleg jamstilling

  1. 1.Alle lover og nasjonale forskrifter må liggja føre både på nynorsk og bokmål innan 2035. 

  2. 2.Viktige nasjonale dokument som NOU-ar, stortingsmeldingar o.l. må liggja føre både på nynorsk og bokmål innan 2030. 

  3. 3.Språklova må slå fast at det offentlege har ansvar for å utvikla og bruka terminologi og fagspråk både på nynorsk og bokmål innan 2026. 

  4. 4.Språklova må ha føresegner om sanksjonar mot brot på språklova innan 2026. 

  5. 5.Lærarutdaninga og førskulelærarutdaninga må gjeva god nynorsk-kompetanse. 

  6. 6.Språklova eller barnehagelova må fastsetja at barnehagane i nynorskkommunar skal bruka nynorsk innan 2026. 

  7. 7.Lova må slå fast at alle nynorskelevar i den norske grunnskulen har rett til opplæring på sitt eige språk opp gjennom heile skulegangen innan 2026. 

  8. 8.Det må vera lik tilgang på læremiddel på både nynorsk og bokmål til og med vidaregåande skule. Viktige læremiddel på høgskule- og universitetsnivå må finnast både på nynorsk og bokmål. Studentar på universitets- og høgskulenivå, på alle fagområde, må møta nynorsk i studiekvardagen sin, jf. punkt 3 om terminologi. 

  9. 9.Det må vera lovkrav til teknologiprodusentar og systemutviklarar om at alle datasystem i statleg bruk skal ha grensesnitt på både nynorsk og bokmål innan 2027. 

  10. 10. På store trafikk-knutepunkt som t.d. større flyplassar og større jarnbanestasjonar må det skiltast og informerast på både nynorsk og bokmål. 

  11. 11. Det må setjast i verk tiltak som medverkar til at populære teikneseriar, dataspel og bøker som vert sette om frå framande språk, vert utgjevne på nynorsk og bokmål samstundes.  

 

IX. Nettverket og tufta

Medlemene i nettverket legg tufta til grunn for arbeidet. Nettverket er partipolitisk ubunde, men kan ta stilling i einskildsaker og samarbeida med andre organisasjonar når det tener målreisinga.

1 Ivar Aasen: Bidrag til vort Folkesprogs Historie, Det norske Samlaget, s. 1.

2 Ivar Aasen: Om vort Skriftsprog. skrive i januar 1836, prenta fyrste gongen i Syn og Segn i 1909. Her sitert  

  etter  Skrifter i samling, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1996, band III, s. 9.

 

3 Magne Myhren (red.): Ei bok om Ivar Aasen. Det norske Samlaget, Oslo 1975, s. 176.

4 Lovtidende for 21. februar 1929, s. 21-28 (referat frå ordskiftet i Lagtinget).

5 Eit framlegg om å erstatta bokmål vart forkasta med 18 mot 17 røysteri Lagtinget.

6Odelstinget 28.11.1901.

7 Gustav Indrebø: Sel ikkje odelen for ein rett linsor!, innlegg i Den 17de Mai , Oslo, 9. mai 1933.

8 St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, s. 68.

9 Språkrådet: Nynorsk lov- og rettsspråk. Rapport frå eit seminar 30. oktober 2014, s. 9.

10 St.meld. nr. 35 (2007–2008), Mål og meining, s. 207-208.

11 I Arne Lauvhjell (red.): Heit strid om nynorsk, Oslo 1983, s. 100.

12 Same staden, s. 100.

13 Brit Mæhlum: Konfrontasjoner, Novus forlag, Oslo 2008, s. 53.

14 Same staden, s. 50.

15 Brit Mæhlum: Konfrontasjoner, Novus forlag, Oslo 2008, s. 53–54.

16 Same staden, s. 199.

17 Ivar Aasen: Om vort Skriftsprog. Skrive i januar 1836, prenta fyrste gongen i Syn og Segn i 1909. Her sitert frå Skrifter i samling, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1996, band III, s. 9.

18 St.meld. nr. 35 (2008–2009), s. 197.

19 Same staden, s. 195.

20 Same staden, s. 60.

21 Prop. 108 L (2019-2020) Lov om språk (språklova), s. 84.